Søk i Berlevåg folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • Send melding
Tittel:Arne Garborg : frå bleike myr til alveland
Ansvar:Jan Inge Sørbø
Forfatter:Sørbø, Jan Inge
Materialtype:Bok
Signatur:839.828
Utgitt:Oslo : Samlaget, 2015
Omfang:343 s. - ill.
ISBN/ISSN:9788252188059
Klassenummer:839.82092 / 839.828 / 839.828
Emneord:1800-tallet - humord / Forfattere - humord / Nasjonalromantikk - humord / Norsk litteratur - humord / Nynorsk litteratur - humord
Stikkord:biografiar / litteratur / norsk
Personer som emne:Garborg, Arne. 1851-1924 - (NO-TrBIB)x90061330
Eier:BERLEVÅG
Forlagets omtale: Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog).
Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren var alvorleg sinnslidande, og då Garborg var 19 år, enda faren livet for eiga hand. Mykje av Garborgs forfattarskap handlar om å forstå kvifor dette hende. Dette traumaet, kombinert med heilt uvanleg intelligens og orienteringsevne, førte Garborg inn i dei fleste filosofiske og religiøse straumdrag i samtida. Han beveger seg frå tradisjonell kristendom til vitskapstru og religionskritikk, vender tilbake til grunnspørsmåla i tilværet, og skaper til slutt si eiga originale tolking av Jesus og Det nye testamentet. Vi kan følgje dette i meisterverk som Bondestudentar, Fred, Trætte Mænd, Haugtussa og Den burtkomne Faderen.
Jan Inge Sørbø har skrive ei medrivande og lettfatteleg bok om korleis Garborg orienterer seg i si samtid, og viser samanhengen i denne omfattande og stadig nyorienterte forfattarskapen.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®

Vurdering: