Søk i Berlevåg folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • Send melding
Tittel:Drikkeviser frå Paris : dikt
Ansvar:Anna Kleiva
Forfatter:Kleiva, Anna
Materialtype:Elektronisk ressurs
Signatur:eBok
Utgitt:Oslo : Oktober, cop. 2016
Omfang:1 elektronisk tekst (73 s.)
ISBN/ISSN:978-82-495-1675-9
Geografiske emneord:Frankrike - Paris - 944.361 - nor - BS
Note:Nedlastbar e-bok. EPUB med DRM
Sidetalet er henta frå trykt utg.
Eier:BERLEVÅG
Forlagets omtale: "grisungen og eg i firsprang frå parkvesenet
vi gøymer oss
i syrinbuskar, søppelposar
vi er erteris og går i eitt med buskaset
vi stel klisne pastisflasker frå under benkane
ingen ser oss pile forbi
der nede langs bakken"
I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga "Drikkeviser frå Paris" er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.
Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.
Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft - dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris.
"Drikkeviser frå Paris" er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®
E-bok:Les utdrag / Lån e-boka

Vurdering:
URL:http://www.ebokbib.no/utdrag/9788249516759-utdrag.pdf