Søk i Berlevåg folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Reserver
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • Send melding
Tittel:Vere og døy døy og vere : dødslære
Ansvar:Kjartan Hatløy
Forfatter:Hatløy, Kjartan / Hatløy, Kjartan
Materialtype:Bok
Signatur:Dikt
Omfang:119 sider
ISBN/ISSN:9788249525645
Klassenummer:839.8218
Emneord:Døden - nno / Døden - nob
Eier:BERLEVÅG
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)
Forlagets omtale: «Kva ordet ER tyder? Truleg ei pågåande hending. Den blå krakken er. Den gule sveven med eit insekt i krona er. Kvar dag er sitt møte med meg, først med dei verande, så, langt etter, kan hende ting. Møtet òg med språket, som mirakuløst finst. Det er. Og i det set eg gang og spør: Kva skal vi anta stifta kosmos?»
Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge.
Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» - men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere.
«Vere og døy - døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligBERLEVÅGDiktDikt

Vurdering: