Søk i Fresvik bibliotek
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:På kyrkjeferd i Sogn og fjordane : Sogn
Signatur:726.5094838
Utgitt:c2000
Omfang:304 s.
ISBN/ISSN:82-91722-14-5
Klassenummer:726.5094838 / 274.838 / 274.838
Eier:Fresvik bibliotek
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)
Forlagets omtale: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane har eineståande kyrkjer og kyrkjeskattar: stavkyrkjer som Urnes, Borgund og Hopperstad, steinkyrkjer som Kinn, Hove og Dale i Luster, ruinanlegget på Selja, rikt dekorerte 1600-talskyrkjer, staselege trekyrkjer frå 1800-talet, og moderne arbeidskyrkjer. Frå Sogn og Fjordane stammar nokre av den fremste kyrkjekunsten landet har å by på.
På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane
er den første samla framstillinga av kyrkjene og kyrkjekunsten frå fylket. Stoffet er ordna som ei reise, der kyrkjene blir presenterte slik dei ligg etter ferdavegen. For kvar kyrkje er det omtale av historia om dagens bygning, om tidlegare kyrkjer på staden, om kunst og inventar og om kunsten som er på museum. Denne kunsten er henta heim til kyrkja han kom i frå. Bøkene fortel spennande historier om kva kår folk flest levde under, dei som gjennom tidene søkte til kyrkja i glede og sorg.
På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane inneheld:
to store bøker, kvar på 304 sider
band 1 omfattar Nordfjord og Sunnfjord
band 2 omfattar Sogn
omtale av 120 kyrkjer, arkitektur, kunst og inventar
presentasjon av dei 26 kommunane
oversiktsartiklar om arkitektur og kunst
kring 700 foto, dei fleste i fargar
kring 100 andre illustrasjonar: nyteikna kart, teikningar og figurar
Bli med på kyrkjeferd gjennom eit makelaust kyrkjefylke, frå Selja ytst ved Stad, til Borgund oppunder Filefjell!
Forfattarbiografiar:
Margrethe Henden Aaraas (f. 1962) er journalist i NRK Sogn og Fjordane
Sigurd Vengen (f. 1950) er sokneprest i Førde og prost i Sunnfjord
Torkjell Djupedal (f. 1957) er journalist, forfattar og forleggjar
Finn Borgen Førsund (f. 1946) er historikar og forfattar
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligFresvik bibliotekFresvik bibliotek2fag

Antall lån: 3
Vurdering: