Losen
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Reserver
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Compulsory mental health care in Norway : a study of the interface between the law and psychiatry
Signatur:2013/42
Ansvar:Rigmor Randi Diseth
Forfatter:Diseth, Rigmor Randi
Utgitt:Oslo : University of Oslo, Faculty of Medicine, 2013
Omfang:Flere pag.
Emneord:Menneskerettigheter / Psykisk helsevern / Psykisk helsevernloven / Rettspsykiatri / Rettssikkerhet / Tvang
Note:Avhandlinga byggjer på fire artiklar. I den første er handlingane til dei ulike aktørane (helsepersonell, pasientar og pårørande, medlemmer av kontrollkommisjonane) studerte. Eit viktig funn er at ikkje minst legar ser ut til å vera samde i gjeldande lovgjeving i større grad enn dei andre aktørane. Den andre artikkelen vurderer norsk lovgjeving i forhold til internasjonale menneskerettskrav, ikkje minst EMK artikkel 3 og artikkel 5. Med utgangspunkt i denne analysen blir det føreslege endringar i lovgjevinga, mellom anna eit forslag om at avgjerder om psykisk helsevern under tvang skal gjerast av ein domstol eller eit domstolsliknande system, og ikkje som no avgjerast av psykiatrisk fagekspertise. Den tredje artikkelen ser på behandlingskriteriet, nemleg at det er eit mogeleg grunnlag for tvangsbehandling at ein kan hevda at pasienten vil ha medisinsk nytte av inngrepet. Spørsmålet er om det faktisk finst vitskapleg grunnlag for å hevda at tvangsmessig intervensjon med behandling eigentleg har ønskt effekt. I artikkelen blir det påvist at det vitskapelege grunnlaget for denne oppfatninga er svakt. Den siste artikkelen ser på om avgjerder i Høgsterett har påverka praksis på dette feltet. Ut frå det som blir lagt fram i denne artikkelen, er det rimeleg å leggja til grunn at Høgsteretts korrektiv faktisk påverkar både praksis og regelverksutviklinga.

Alt i alt ei interessant og relativt lettlesen avhandling som kan vera av interesse ikkje berre for dei som arbeider med grenseflata mellom tvangsbruk og jus, men også meir allment for alle som interesserer seg for grenseflata mellom helsefaglege vurderingar og juridiske avvegingar. (Omtale: Geir Sverre Braut, Interninfo 21.6.2013)
Eier:HELSTILS
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligHELSTILSbibl2013/42
Antall lån: 3
Vurdering:
URL:https://www.duo.uio.no/handle/10852/35828