| Note: | IS-2792 Helse- og omsorgsdepartementet har bede Helsedirektoratet om å bidra til eit betre kunnskapsgrunnlag om helsepersonell med utanlandsk utdanning i arbeidet med den nasjonale helse- og sjukehusplanen (NHSP) 2020 – 2023. I denne rapporten skildrar vi årsverksinnsatsen til legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, tannlegar og psykologar med utanlandsk utdanning i dei norske helse- og omsorgstenestene. Vi viser også korleis innsatsen har utvikla seg i perioden 2012 til 2016.
|