| Innhold: | Gunnar Husabø har vore ein del av eit forskingsprosjektet i Helsetilsynet Effekt av tilsyn, knytt til effektane av tilsyn med diagnostikk og behandling av sepsis (blodforgifting) i 24 norske akuttmottak i perioden 2016 – 2018. Målet med arbeidet har vore å finne ut om tilsyn kan føre til betre arbeidsprosessar i akuttmottak og betre helseutfall for pasientar med sepsis. Forskingsarbeidet, som har blitt publisert i tre artiklar, er basert på data frå gjennomgang av meir enn 7000 pasientjournalar, samt fokusgruppeintervju med tilsette i akuttmottak, leiarar ved sjukehusa og tilsynslaga frå statsforvaltarane. |