| Tittel: |
Kropp, kommunikasjon, aktørskap : utviklingshemma barn og unge si livsverd i den institusjonelle konteksten barnebustad | | Signatur: | Elektronisk dokument | | Ansvar: | Ingunn Fylkesnes | | Forfatter: | Fylkesnes, Ingunn  | | Materialtype: | Elektronisk dokument | | Utgitt: | Bodø : Nord universitet, 2021 | | Omfang: | 223 s. | | Emneord: | Avlastning / Barn / Barneboliger / Helse- og omsorgstjenester / Kommunikasjon / Kropp / Multifunksjonshemmede / Sosiologi / Tjenestetilbud / Ungdom / Utviklingshemming | | Note: | Doktorgradsavhandling Tema for denne artikkelbaserte avhandlinga er utviklingshemma barn og unge som bur borte frå familieheimen og deira vilkår for å vera aktive aktørar og samhandlingspartnarar i den institusjonelle konteksten barnebustad. Eg har utført deltakande observasjon i tre barnebustadar med til saman elleve bebuarar. I etterkant utførte eg nokre intervju med tilsette og foreldre. Studien har ei etnografisk tilnærming. Ein av ungdomane budde åleine, dei andre delte fellesareal, opp til seks i ein bustad. Det var registrert 256 tilgjengelege plassar i barnebustad i Noreg i 2019 (SSB). Barnebustad er ei velferdsteneste fundert i helse- og omsorgstenestelova. Foreldre søker om tenesta på bakgrunn av krevjande omsorg for eit barn med komplekse funksjonsnedsetjingar. Foreldra har framleis foreldreansvaret, medan profesjonelle tenesteytarar utfører dagleg omsorg på vegne av foreldra. Barnebustaden ligg i heimkommunen og barn og foreldre har jamleg kontakt. Alle dei elleve bebuarane hadde omfattande kognitive og kommunikative utfordringar. | | Eier: | HELSTILS |
|
|