Losen
  • Portal
  • Søk
    v
  • Treffliste
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Brukererfaringsundersøkelse – Hvordan opplever personer med rusmiddelproblemer de kommunale tjenestene de mottar?
Signatur:Elektronisk dokument
Materialtype:Elektronisk dokument
Utgitt:S.l. : Korus midt, 2024
Omfang:69 s.
Emneord:Alkoholmisbrukere / Brukererfaringer / Brukerundersøkelser / Helse- og omsorgstjenester / Kommunale tjenester / Legemiddelassistert rehabilitering / Narkotikamisbruk / Nav / Rusmiddelmisbrukere / Sosiale tjenester / Tilgjengelighet / Tjenestetilbud
Note:Hovudvekta av brukarane med rusmiddelproblem som nyttar kommunale tenester er tilfredse med tenestene dei får. Samtidig opplever mange at bistanden med det praktiske, som å komme seg i arbeid, skaffe bustad og meistre økonomi ikkje strekker til.
Dette viser ein ny rapport frå Helsedirektoratet, utført av KORUS midt.
– Det er veldig positivt at brukarane er tilfredse med tenestene dei mottek, og at fleirtalet opplever tenestene som tilgjengelege og at dei får hjelpa som trengs, når dei har behov for den, seier Jakob Linhave, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
Undersøkinga viser også store forskjellar mellom gruppene i utvalet. Til dømes er personar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) mindre fornøgd samanlikna med dei som ikkje er i LAR. Dei eldste brukarane, og personane i arbeid, svarer meir positivt enn dei andre brukarane.
– Forskjellane i gruppene er som forventa. Vi ser også at brukarane i dei små kommunane er meir fornøgd enn i dei store kommunane. Dette gir oss ei god innsikt på kvar vi må legge inn ein innsats framover.
Det er 783 deltakarar, fordelt på 53 kommunar som har svart på undersøkinga. I etterkant er det fleire kommunar som har meldt interesse for å delta i neste omgang.
Eier:HELSTILS
Vurdering:
URL:https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/store-forskjellar-i-tilfredsheit-blant-brukarar-med-rusmiddelproblem