Losen
  • Portal
  • Søk
    v
  • Treffliste
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Funksjonsfall hos eldre som får heimetenester
Signatur:Elektronisk dokument
Materialtype:Elektronisk dokument
Utgitt:Stavanger : Ukom, 2024
Emneord:Alvorlige hendelser / Demente / Eldre / Eldreomsorg / Funksjonstap / Helhetlige helsetjenester / Hjemmetjenester / Kognitiv svikt / Organisering / Pasientsikkerhet / Tjenestetilbud / Uønskede hendelser
Note:Rapporten tar utgangspunkt i eit varsel frå ein kommune om ei alvorleg hending der tenestene ikkje fanga opp og følgde opp eit betydeleg funksjonsfall hos ei heimebuande eldre kvinne som tok imot tenester i heimen. Vi har vald å kalle kvinna for Bjørg.
Sommaren 2021 fekk Bjørg vedtak om heimetenester etter at det blei vurdert at ho ikkje lenger kunne ta hand om medisinar og måltid. Ho fekk vere med på å bestemme korleis hjelpa skulle vere. Ho hadde fleire funksjonsfall over ein 15 månaders periode, men vedtaket blei ikkje justert. Ho blei funnen forkommen på sofaen, blei innlagd på sjukehus og fekk då ein demensdiagnose. Ho døydde kort tid etter at ho blei utskriven.
Vår undersøking viser at heimetenestene får fleire og meir avanserte oppgåver, utan at tenestene er organiserte for dette. Det er ei klar melding til dei som har overordna styring at heimebaserte tenester til eldre kan ha nådd ei tolegrense, både når det gjeld å kunne gi gode tenester og når det gjeld arbeidsforholda for den enkelte medarbeidar.
Rapporten peiker på fleire pasientsikkerheitsrisikoar. Den kan vere nyttig for dei som skal forbetre og utvikle dei kommunale helse- og omsorgstenestene til heimebuande eldre og alle som jobbar i tenestene. Rapporten kan også vere nyttig for pasientar, pårørande, utdanningane og folkevalde.
Eier:HELSTILS
Vurdering:
URL:https://ukom.no/rapporter/funksjonsfall-hos-eldre-som-far-heimetenester/samandrag