Losen
  • Portal
  • Søk
    v
  • Treffliste
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Arbeidet med informasjonssikkerheit i statsforvaltninga : kunnskapsgrunnlag
Signatur:Elektronisk dokument
Materialtype:Elektronisk dokument
Utgitt:Oslo : Digdir, 2024
Emneord:Informasjonssikkerhet / Offentlig sektor / Risikostyring / Sikkerhet / Sikkerhetskultur / Statlige etater
Note:I denne rapporten har vi samla kunnskap om tilstand, trendar og behov i arbeidet med informasjonssikkerheit i statsforvaltninga. Vi har kartlagt korleis fagpersonar jobbar med informasjonssikkerheit.
Når ein ser på resultata frå undersøkinga under eitt, meiner vi det er riktig å seie at dei fleste verksemdene har etablert eit godt grunnlag for kontinuerleg forbetring. Årets undersøking viser at verksemdene held oftare øvingar, og fleire har prosedyrar for å handtere hendingar enn tidlegare.
Likevel ser vi at utviklinga går sakte på andre område. For eksempel har verksemdene i liten grad oversikt over kostnader knytt til hendingar. Det er også utfordrande for verksemdene å ha oversikt over eige kompetansebehov, og å sette i verk nødvendige kompetansehevingstiltak.
Vår vurdering er derfor at det totalt sett framleis er utfordringar med korleis statlege verksemder arbeider med styring av informasjonssikkerheit. Men fleire av verksemdene seier dei er bevisst på eigne manglar og jobbar aktivt for å forbetre dei områda der ein ikkje har komme like langt.

Eier:HELSTILS
Vurdering:
URL:https://www.digdir.no/informasjonssikkerhet/arbeidet-med-informasjonssikkerheit-i-statsforvaltninga/5989