Losen
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Pain, mortality and health-related quality of life: Norwegian older adults with long-term use of opioids, benzodiazepines and z-hypnotics
Signatur:Elektronisk dokument
Ansvar:Maria Torheim Bjelkarøy
Forfatter:Bjelkarøy, Maria Torheim
Materialtype:Elektronisk dokument
Utgitt:Oslo : University of Oslo. Institute of Clinical Medicine : Akershus University Hospital, 2025
Omfang:154 s.
Emneord:Benzodiazepiner / Dødelighet / Eldre / Legemiddelbruk / Legemiddelmisbruk / Legemidler / Livskvalitet / Opioider / Pasienter / Smerter / Spesialisthelsetjenester / Sykdomsopplevelse / Sykehus
Note:Doktorgradsavhandling
Vanedannande medisinar hos eldre pasientar
Ein stor andel eldre pasientar vert føreskrive vanedannande medisinar som opioidar, benzodiazepiner og z-hypnotica på ein regelmessig basis. Dette til trass for råd frå kliniske retningsliner som understrekar at denne typen medisinar bør avgrensast til kortvarig bruk og ikkje overskride bruk lenger enn fire veker.
I si avhandling Pain, mortality and health-related quality of life in Norwegian older adults with long-term use opioids, benzodiazepiens and z-hypnotics har Maria Torheim Bjelkarøy og medarbeidarar undersøkt bruk av denne typen medisinar i forbindelse med smerte, dødelegheit og helserelatert livskvalitet hos eldre sjukehuspasientar.
Dei fann at i ei gruppe med eldre sjukehusinnlagde pasientar hadde så mange som 40% langvarig bruk av desse vanedannande medisinane med gjennomsnittleg brukstid på over eit år.
Dei fann at langvarig bruk av denne typen medisinar er assosiert med meir sjukdom, lågare livskvalitet og meir intense smerteplager. Vidare fann dei at langvarig bruk av desse medisinane var assosiert med om lag to gonger så høg risiko for dødelegheit og at denne typen medisinar ikkje ser ut til å påverke eigenrapportert helserelatert livskvalitet i stor grad.
Trass i at desse medisinane er vanedannande og at mange får abstinensar når dei prøver å trappe ned på bruken, fann forskningsgruppa at den pasientfokuserte kommunikasjonsmetoden «kort intervensjon» er eit verktøy som kan tilpassast for å få pasienten sjølv til å ta initiativ til å redusere denne typen medisinbruk. Dei konkluderte med at effekt av «kort intervensjon» for å redusere bruken av denne typen medisinar i denne pasientgruppa bør undersøkast vidare.
Eier:HELSTILS
Vurdering:
URL:https://www.duo.uio.no/handle/10852/115485