| Tittel: | Vikarstafetten : metoderapport SKUP | | Signatur: | Elektronisk dokument | | Ansvar: | Monica Aure Fallingen | | Forfatter: | Fallingen, Monica Aure  | | Materialtype: | Elektronisk dokument | | Utgitt: | S.l. : Nyss, 2025 | | Omfang: | 8 s. | | Emneord: | Fastleger / Kostnader / Legedekning / Legekontorer / Leger / Legetjenester / Turnover / Vikarer | | Note: | I Sykkylven har fastlegetenesta vore eit omdiskutert tema gjennom mange år. Kostnadar skulle kuttast og legetenesta betrast gjennom at legesenteret gjekk frå å vere privat til kommunalt, men det heile enda som eit stort hovudbry for både administrasjon, politikarar, tilsette ved legesenteret og ikkje minst for innbyggjarane. Tilbodet vart dyrare og dårlegare, og det har vore ein betent strid mellom legar og kommune. Tre sykkylvingar som har vore fastlegar i Sykkylven i mange år gjekk over til det kommunale legesenteret i nabokommunen Stranda. Kommunen sine kostnadar til legeteneste auka kraftig på få år, mange legar slutta og brukarane måtte forhalde seg stadig nye fastlegar og vikarar som kom og gjekk. Dette var naturleg nok eit mykje omsnakka tema kring i lokalmiljøet. Mange lause påstandar vart spreidde, og lokalavisa ønskte å få belyst saka grundig. Nyss (og andre medium) har publisert mange saker om fastlegesituasjonen i Sykkylven dei siste åra, og vi har i lang tid hatt eit ønske om eit større prosjekt om temaet. Den største utfordringa var å finne tid til graving, i ein liten redaksjon. For ei lita lokalavis med fem journalistar og redaktør verka oppgåva ei stund uoverkomeleg stor, i ein hektisk kvardag og utan høve til å frigje ressursar i noko særleg stor grad. Underteiknande, som er redaktør i Nyss, starta arbeidet i det små. | | Eier: | HELSTILS |
|
|