Søk i bibliotekbasen til Rødberg bibliotek
  • Gi vurdering
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Lykka er ein sjeldan fugl : roman
Ansvar:Anna Gavalda ; frå fransk ved Tove Bakke
Forfatter:Gavalda, Anna / overs.: Bakke, Tove
Materialtype:Bok
Signatur:G
Utgitt:Oslo : Samlaget, 2009
Omfang:622 s.
ISBN/ISSN:978-82-521-7350-5
Eier:Rødberg
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)
Forlagets omtale: Den verkelege familien sin finn ein undervegs. Etter den enorme suksessen med Saman er ein mindre aleine, er Anna Gavalda tilbake med ein stor roman om kjærleik, håp og nye sjansar. Den suksessrike arkitekten Charles Balanda nærmar seg femti. Han er utmatta, forholdet til kona Laurence blir stadig kjøligare og grunnmuren livet hans er bygd på begynner å breste. Da han får eit usignert brev med meldinga "Anouk er død", strøymer minna på. Charles leitar seg tilbake mot hendingar og menneske frå ungdomstida, og på vegen møter han Kate, ei kvinne som bur i eit slags rotete, landleg paradis, omgitt av barn og dyr. Charles og Kate blir tiltrekte av kvarandre, men ingenting er gitt på førehand. Alle som lét seg begeistre av Gavaldas førre roman, vil kjenne seg igjen i det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Nok ein gong har Anna Gavalda, som har forført 10 millionar lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede. Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligRødbergbiblG

Antall lån: 3
Vurdering: