Søk i bibliotekbasen til Rødberg bibliotek
  • Gi vurdering
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
Tittel:Edvard Masoni : ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder
Ansvar:Jon Todal og Lovisa Mienna Sjøberg
Forfatter:Todal, Jon / Sjöberg, Lovisa Mienna / Todal, Jon
Signatur:BIO MASONI, EDVARD
Utgitt:2023
Omfang:282 sider, 16 sider med plansjer - illustrasjoner i farger, kart
ISBN/ISSN:9788253043296
Klassenummer:266.41092
Emneord:Misjon - Lutherske kirke - Kina - nob / Misjon - Lutherske kyrkje - Kina - nno / Misjonshistorie / Misjonærer / Samar$gpolitiske rettar - Noreg - nno / Samer / Samer$gpolitiske rettigheter - Norge - nob
Personer som emne:Masoni, Edvard. 1870-1930
Geografiske emneord:Kina - (NO-TrBIB)HUME01955 - humord
Eier:Rødberg
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)
Forlagets omtale: Edvard Masoni vart fødd i husmannsgrenda Rasta i Rana på Helgeland i 1870. Han voks opp i djup fattigdom og som same høyrde han til eit folk med låg status både i lokalmiljøet og i det norske storsamfunnet. Det som likevel skilde Edvard Masoni frå dei fleste andre samar på denne tida, var at han etter kvart tok to lange akademiske utdanningar. Han studerte teologi ved misjonsskulen i Stavanger, og medisin i USA. Medisinutdanninga brukte han til å praktisera som lege på den kinesiske landsbygda frå 1912 og fram til slutten av 1920-talet.
Masoni drog for første gong til Kina for å driva misjon i 1898. To år etter at han kom til landet braut det ut store opptøyar som følgje av sterke antivestlege stemningar, boksaropprøret. Mange misjonærar vart drepne. Alle misjonærane frå Noreg med unntak av Masoni reiste då heim. Masoni vart fanga av opprørarar og dømt til døden, men klarte på mirakuløst vis å berga livet. Om boksaropprøret skreiv han at det var den vestlege kolonialismen som hadde skulda, noko anna kunne ikkje Vesten venta seg med tanke på korleis europeiske styresmakter fòr fram i Asia.
Historia om Edvard Masoni er ein viktig del av samisk historie. Saman med nokre få andre kjempa han hardt for politiske idear som femti år seinare vart førte vidare av den moderne samerørsla. Først rundt 1990 kom det store gjennomslaget, og nokre av desse ideane er no offisiell norsk urfolkspolitikk.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligRødbergbibl

Vurdering: