Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:HR-2019-140-A, (sak nr. 18-0069096SIV-HRET) : 28. januar 2019 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Yara International ASA (advokat Morten Goller) mot Staten v/Sentralskattekontoret for storbedrifter (advokat Pål Erik Wennerås)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2019
Omfang:16 s.
Emneord:Domsavgjørelser / Høyesterett
Stikkord:C-446/03 (Marks & Spencer) / E-15/16 / EØS-avtalen Artikkel 31 / HR-2019-140-A
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Skattefradrag for konsernbidrag.

Dommarar: Endresen, Møse, Noer, Falch, Lindsetmo
Høgsterett kom til at Yara ikkje hadde frådragsrett etter norske skattereglar for eit konsernbidrag på ca. 93 millionar kroner som var ytt til eit dotterselskap i Litauen. Spørsmålet for Høgsterett var om Yara hadde dokumentert at dotterselskapet hadde lidt eit "endeleg" tap i Litauen, slik at skattefrådrag måtte innrømmast, jf. EØS-avtalen artikkel 31 og artikkel 34 og dom i EU-domstolen 13. desember 2005 i sak C-446 / 03 Marks & Spencer avsnitt 55 og seinare rettspraksis. EFTA-domstolen hadde i dom 13. september 2017 i sak E-15/16 gitt ei rådgivande utsegn i saka, der det blei slått fast at dei norske skattereglane om konsernbidrag ikkje utgjorde nokon restriksjon i strid med EØS-avtalen, men at ein likevel måtte gi skattefrådrag for konsernbidraget dersom underskotet i det utanlandske dotterselskapet var "endeleg". Yara hadde ikkje dokumentert noko slikt "endeleg" tap.
Dommen har betydning for praktiseringa av dei norske skattereglane for konsernbidrag der det blir ytt konsernbidrag til dotterselskap i EU- eller EØS-statar.
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)
Vedlegg:- Rettsinfo.no - dom