Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Treffliste
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:HR-2019-2391-A, (sak nr. 19-104671SIV-HRET) : 19. desember 2019 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Alf Henrik Evjenth Kolderup) mot Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College (advokat Erlend Øen)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2019
Omfang:7 s.
Emneord:Domsavgjørelser / Høyesterett
Stikkord:HR-2019-2391-A / Merverdiavgiftskompensasjonsloven (2003) § 2
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Kompensasjon for meirverdiavgift for privat vidaregåande skule.
Dommarar: Øie, Webster, Noer, Høgetveit Berg, Steinsvik
Saka gjaldt gyldigheita av Skattedirektoratets vedtak om tilbakeføring av utbetalt kompensasjon for meirverdiavgift. Spørsmålet var om ein privat vidaregåande skule gav eit utdanningstilbod som fylkeskommunen er «pålagt å utføre ved lov» etter lov om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. § 2 fyrste ledd bokstav c.
Høgsterett kom til at det ikkje er eit vilkår for kompensasjon at undervisninga oppfyller fylkeskommunens plikt til å tilby undervisning på ein slik måte at elevens rettskrav på undervisning frå fylkeskommunen fell bort.
Høgsterett kom derimot til at dei konkrete undervisningstenestene som skulen tilbaud, ikkje var oppgåver som fylkeskommunen var «pålagt å utføre ved lov». Det var då ikkje grunnlag for kompensasjon.
Dommen bidreg til avklaring av uttrykket «pålagt å utføre ved lov» etter lov om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. § 2 fyrste ledd.
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no