Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Krenking av varemerke HR-2020-1142-A, (sak nr. 19-141420SIV-HRET) : 2. juni 2020 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Henrik Huseby (advokat Per Harald Gjerstad) mot Apple Inc (advokat Sigurd Holter Torp)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2020
Omfang:9 s.
Emneord:Høyesterettsdom / Varemerker
Stikkord:HR-2020-1142-A (Apple) / Varemerkeloven (2010) § 4
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Krenking av varemerke.
Dommarar: Møse, Matheson, Falkanger, Ringnes, Høgetveit Berg

Saka gjeld spørsmål om innførsel av uoriginale mobiltelefonskjermar påført eit varemerke som er tildekt med tusj, er ei varemerkekrenking, jf. varemerkelova § 4.

Hovudspørsmålet i saka var om Apples varemerke var brukt utan samtykke. Dei importerte skjermane var uoriginale og påført Apples varemerke. Innførsel av eit uoriginalt produkt med ulovleg påført varemerke er ulovleg varemerkebruk, jf. varemerkelova § 4 tredje ledd bokstav c, jf. fyrste ledd bokstav a. Spørsmålet i saka var om tildekkinga av dei påførte varemerka, gjennom overstryking med tusj, gjorde at det likevel ikkje var tale om bruk i lovas forstand.

Høgsterett kom samrøystes til at varemerkets funksjonar kan bli skadelidande ved importen, og mogleg vidare omsetnad, sjølv om varemerket var tildekt med tusj. Både dersom tildekkinga seinare skulle bli fjerna og dersom ho ikkje skulle bli fjerna, ville den synlege tildekkinga mellom anna kunne verke forvirrande med omsyn til produktets opphav. For den relevante omsetnadskrinsen, ville det då kunne vera uklart om det var ein original skjerm eller ein kopi.

Dommen gjev tilskot til forståinga av varemerkelova § 4.
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no