Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Ran og omgjering av ungdomsstraff - HR-2020-1351-A, (sak nr. 20-042708STR-HRET) : 26. juni 2020 avsa Høyesterett dom
Ansvar:A (advokat Arild Christian Dyngeland) mot Påtalemakta (statsadvokat Birgitte Budal Løvlund)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2020
Omfang:9 s.
Emneord:Høyesterettsdom / Ran / Straff
Stikkord:HR-2020-1351-A / Straffeloven (2005) § 15 / Straffeloven (2005) § 231 / Straffeloven (2005) § 263 / Straffeloven (2005) § 327 / Straffeloven (2005) § 52
Note:Straffesak, anke over dom.
Innhold:Dommarar: Matningsdal, Matheson, Bergsjø, Falch, Høgetveit Berg

Saka gjeld straffutmåling for ran og trugsmål – og spørsmål om kva for prinsipp som gjeld ved omgjering av ungdomsstraff som fylgje av nye strafflagde handlingar før utløpet av gjennomføringstida, jf. straffelova § 52 c.

Straffa for eit ran vart sett til eitt og eit halvt års fengsel. Det var fleire om lovbrotet. Ranet skjedde i heimen til den krenkte, og det vart nytta pistoletterlikningar. Andre lovbrot, medrekna trugsmål mot andre krenkte under ranet, gjorde at samla straff vart sett til to år.

I tillegg vart ein tidlegare dom på to års ungdomsstraff omgjord til vilkårslaust fengsel i eitt år og to månader etter fråtrekk av to månader for påbyrja ungdomsstraff.

Dommen gjev rettleiing for straffutmåling av ran og for omgjering av ungdomsstraff som fylgje av nye strafflagde handlingar før utløpet av gjennomføringstida, jf. straffelova § 52 c.
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no