Tittel: | Sykling i kollektivfelt HR-2020-1723-A, sak nr. 20-034146STR-HRET : 3. september 2020 avsa Høyesterett dom | Ansvar: | Påtalemyndigheten (konstituert statsadvokat Heidi Reinholdt-Østbye) mot A (advokat Arild Christian Dyngeland) | Materialtype: | Dom | Signatur: | Høyesterett | Utgitt: | Oslo : Høyesterett, 2020 | Omfang: | 7 s. | Emneord: | Høyesterettsdom | Stikkord: | HR-2020-1723-A (Sykkeldommen) / Vegtrafikkloven (1965) § 3 / Vegtrafikkloven (1965) § 31 / Vegtrafikkloven (1965) § 5 | Note: | Straffesak, anke over dom.
| Innhold: | Dommarar: Øie, Webster, Bull, Bergh, Høgetveit Berg
Saka gjeld spørsmål om sykling i kollektivfelt på E18 ut av Oslo i rushtida var brot på vegtrafikklova § 3 om at alle skal ferdast omsynsfullt, slik at annan trafikk ikkje unødig blir hindra eller forstyrra. Syklisten hadde vorte bøtelagd for syklinga av politiet, jf. vegtrafikklova § 31.
Høgsterett tok utgangspunkt i at retten til å sykle den aktuelle strekninga i kollektivfeltet på E18, jf. trafikkreglane § 5 nr. 2, ikkje var absolutt. Syklinga måtte skje innanfor rammene av vegtrafikklova § 3 fyrste ledd. Syklisten måtte difor, som alle andre trafikantar, fortløpande vurdere om syklinga ville skapa ein unødig kø i kollektivfeltet.
I den konkrete vurderinga måtte syklistens ulemper ved å måtte sykle ein omveg på ein gang- og sykkelveg vegast opp mot trafikkavviklinga på staden. Høgsterett kom til at syklistens val av å prioritere si eiga sykling i kollektivfeltet framom trafikkavviklinga forstyrra trafikken «unødig».
Høgsterett kom vidare til at syklisten hadde opptredd i det minste medvite aktlaust, jf. vegtrafikklova § 31, og forkasta anken frå syklisten.
Saka gjev rettleiing for forståinga av den grunnleggjande regelen i vegtrafikklova § 3. (Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.) |
|
|