Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Medverknad til seksuelle overgrep mot barn via internett – særleg om provprovokasjonar - HR-2020-2137-A, (sak nr. 20-064622STR-HRET) : 5. november 2020 avsa Høyesterett dom
Ansvar:A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2020
Omfang:22 s.
Emneord:Barn / Høyesterettsdom / Internett / Seksuelle overgrep
Stikkord:EMK - Artikkel 3 - Konvensjon om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter / Grunnloven § 93 / HR-2020-2136-A / HR-2020-2137-A
Note:Straffesak, anke over dom.
Innhold:Dommarar: Indreberg, Kallerud, Arntzen, Falch, Høgetveit Berg

Den tiltalte betalte for at omsorgspersonar skulle gjera grove seksuelle overgrep mot barn medan han såg på via internett. Han gav også instruksar om korleis overgrepa skulle gjennomførast.

Saka var delvis parallell til sak HR-2020-2136-A der dom vart sagd tidlegare same dagen, og det var avgjort at straffebodet om grov menneskehandel ikkje kjem i bruk i ei slik sak. Den tiltalte vart også i denne saka frifunnen for menneskehandel.

Saka reise vidare spørsmål om visse prov, skaffa gjennom såkalla provprovokasjon, kunne førast for retten eller ikkje. Høgsterett delte seg 4-1 i spørsmålet om det var krav om lovheimel for ein slik etterforskingsmetode. Fleirtalet kom til at det ikkje var eit slikt krav. Fleirtalet måtte også ta stilling til om føringa av desse prova ville bryte mot andre prosessuelle grunnprinsipp, men kom til at så ikkje var tilfellet.

Ein samla Høgsterett la til grunn at den samla straffa, før frådrag, måtte setjast til fengsel i 17 år. I motsetnad til lagmannsretten kom retten til at det ikkje var grunnlag for forvaringsstraff.

På den same måten som i sak HR-2020-2136-A hadde den tiltalte i varetektstida blitt utsatt for eit stort antal kroppsvisiteringar – i strid med Grunnlova § 93 andre ledd og EMK artikkel 3. Høgsterett kom til at dette måtte kompenserast med eit auka varetektsfrådrag.

Dommen stadfestar grensene for menneskehandel trekte opp i HR-2020-2136-A. Vidare avklarar dommen at etterforsking i form av provprovokasjonar som gjort i saka her, ikkje krev særleg heimel i lov. Dommen gjev også retningsliner for reaksjonsfastsetjinga ved denne type overgrep. Endeleg stadfestar dommen at kroppsvisitering i fengsel kan vera brot på den innsettes grunnleggande rettar som kan føre til krav på kompensasjon.
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no