Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Frist for utsetjing av fedrekvote (2021/109) : 30. juni 2021 uttalte Sivilombudet
Materialtype:Dom
Signatur:Sivilombudet
Utgitt:Oslo : Sivilombudet, 2021
Omfang:13 s.
Emneord:Foreldrepermisjon / NAV / Sivilombudet / Uttalelser
Stikkord:Folketrygdloven (1997) § 14-10 / Folketrygdloven (1997) § 14-11 / SOM-2021-109
Note:
Innhold:Saka gjeld ein fars rett på 75 dagar med foreldrepengar. Klagaren søkte om utsetjing av foreldrepengar fordi han var i heiltidsarbeid. Søknaden blei send til Nav 67 dagar etter mors siste dag med stønad. Talet på stønadsdagar blei då avkorta tilsvarande talet på dagar frå siste dag mora fekk foreldrepengar og fram til tidspunktet då far søkte. Faren fekk dermed berre innvilga åtte av dei 75 stønadsdagane han søkte om.

Ifølgje Nav, måtte far ha søkt om utsetjing innan mors siste dag med foreldrepengar, for å unngå å tape stønadsdagar. Dei 67 dagane som hadde gått frå mors siste dag og til far søkte om utsetjing, var tapte. Orskurden frå Trygderetten stadfesta vedtaket til Nav.

Sivilombodsmannen meiner at eit krav om at det må søkjast om utsetjing av foreldrepengar etter folketrygdloven § 14-11 første ledd bokstav b, før mors siste dag med stønad, ikkje kan utleiast frå regelen i folketrygdloven § 14-10 siste ledd om at foreldrepengane skal takast ut samanhengande. Heller ikkje kravet i folketrygdloven § 14-11 andre ledd om at ein skriftleg arbeidsavtale må liggje føre for at heiltidsarbeid kan gi grunn til utsetjing, kan føre til at far ikkje hadde rett på å ta ut dei foreldrepengane som var igjen etter mors uttak. Sivilombodsmannen meiner at klagaren kunne søkje om utsetjing av foreldrepengeperioden også for tida som hadde gått før søknaden om utsetjing blei lagd fram for Nav, med den verknad at foreldrepengane ikkje skulle ha blitt avkorta. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sørgje for at saka til klagaren blir vurdert på nytt.
(Sivilombudets sammendrag)

Vedlegg:- Rettsinfo.no