Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Dom på overføring til tvungent psykisk helsevern : straffeloven § 39
Ansvar:Jørn R.T. Jacobsen
Forfatter:Jacobsen, Jørn
Materialtype:Bok
Utgitt:Bergen : Fagbokforlaget, 2004
Omfang:337 s.
ISBN/ISSN:8245001902
Emneord:Domsavgjørelser / Kriminalomsorg / Kriminologi / Rettspsykiatri / Strafferett / Tvang / Tvungent psykisk helsevern
Stikkord:Straffeloven (1902) Opphevet § 39
Forlagets omtale: Det alminnelege utgangspunktet i norsk rett er at utilreknelege lovbrytarar ikkje kan straffast. Men i visse tilfelle kan samfunnet likevel ha behov for å verne seg mot nye lovbrot frå slike lovbrytarar. Tidlegare har det skjedd gjennom sikringsinstituttet, men 1. januar 2002 vart reglane om sikring av utilreknelege lovbrytarar avløyst av to nye strafferettslege særreaksjonar: dom på overføring til tvungent psykisk helsevern (§ 39) og dom på overføring til tvungen omsorg (§ 39a). Boka tek for seg den første særreaksjonen, som i første rekkje rettar seg mot psykotiske lovbrytarar som ein fryktar kan komme til å gjere fleire lovbrot. Boka behandlar først og fremst dei materielle vilkåra for å gje dom på denne særreaksjonen, men òg ei rekkje straffeprosessuelle spørsmål vert drøfta. Dessutan inneheld boka ein gjennomgang av reglane for gjennomføring og opphøyr av reaksjonen, statistikk og eit reformframlegg til korleis lovteksten alternativt kunne vore utforma. Boka er særleg interessant for det praktiske rettslivet, men òg for alle som er interesserte i ei innføring i den strafferettslege behandlinga av psykotiske lovbrytarar. Jørn RT Jacobsen er universitetslektor ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®

Ekstern:Oppslag i Oria