Tittel: | Innledning | Ansvar: | Knut Bjørn Stokke & Katrine Broch Hauge | Forfatter: | Stokke, Knut Bjørn / Hauge, Katrine Broch | Materialtype: | Bokkapittel | Utgitt: | Oslo : Universitetsforlaget, 2021 | Omfang: | Side 17-29 | ISBN/ISSN: | 9788215045085 | Note: | Open Access: Attribution-NonCommercial 4.0 International (CC BY-NC 4.0) | Del av verk: | Integrert kystsoneforvaltning | Forlagets omtale: |
Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka. Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø. Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem. Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® |
|
|