Tittel: | Integrert strandsoneforvaltning i Hordaland | Ansvar: | Arne Tesli | Forfatter: | Tesli, Arne | Materialtype: | Bokkapittel | Utgitt: | Oslo : Universitetsforlaget, 2021 | Omfang: | Side 160-184 | ISBN/ISSN: | 9788215045085 | Emneord: | Strandsonen | Stikkord: | Plan- og bygningsloven (2008) | Geografiske emneord: | Hordaland | Note: | Open Access: Attribution-NonCommercial 4.0 International (CC BY-NC 4.0)
Kapittel 8 | Innhold: | Sammendrag I dette kapittelet ser eg på rutinar for og organiseringa av strandsoneforvaltninga i Hordaland. Har ein fått til ei integrert strandsoneforvaltning, og fungerer regional og interkommunal planlegging og samarbeid bra? I fylket blei det utarbeidd både ein regional kystsoneplan og ein interkommunal strandsoneplan, men dei to planane er ikkje fullt ut og formelt gjennomførte. Korleis vert pbl’s krav til planlegging i strandsona tolka på lokalt nivå, og kva ligg til grunn for dei løysingane og den praksisen som utviklast i regionen?
Nøkkelord: strandsoneforvaltning, Hordaland, regional og kommunal planlegging
Engelsk sammendrag In this chapter, I examine the routines for, and the organization of, coastal zone management in Hordaland county. Both a regional coastal zone plan and an inter-municipal cooperation plan have been developed, but these two plans have not been fully and formally implemented. I discuss how the Planning and Building Act’s requirements for planning in the coastal zone is interpreted and assessed at the local level, and what functions as the basis for the practice that can be observed in the region?
Keywords: Integrated Coastal Zone Management, Hordaland, regional and municipal planning | Del av verk: | Integrert kystsoneforvaltning | Forlagets omtale: |
Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka. Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø. Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem. Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® |
|
|