Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Rettslege rammer for oppgåvefordeling mellom planstyresmakter og akvakulturstyresmakter
Ansvar:Ingunn Elise Myklebust
Forfatter:Myklebust, Ingunn Elise
Materialtype:Bokkapittel
Utgitt:Oslo : Universitetsforlaget, 2021
Omfang:Side 313-339
ISBN/ISSN:9788215045085
Emneord:Akvakultur / Arealbruk / Fiskeoppdrett
Stikkord:Akvakulturloven (2005) / Akvakulturloven (2005) § 16 / Akvakulturloven (2005) § 6 / Plan- og bygningsloven (2008) / Plan- og bygningsloven (2008) § 11-11 / Plan- og bygningsloven (2008) § 11-9 / Plan- og bygningsloven (2008) § 1-2 / Plan- og bygningsloven (2008) § 20-6
Note:Open Access: Attribution-NonCommercial 4.0 International (CC BY-NC 4.0)

Kapittel 17
Innhold:Sammendrag
I dette kapittelet er temaet dei rettslege rammene for styring av arealbruk i sjø. Spørsmålet er om tolkinga av heimlar for styring av arealbruk som finst i føresegner og vilkår, kan vere ulik avhengig av om det er tale om arealbruk innanfor eller utanfor området for privat eigedomsrett. Eit spørsmål er om det i slike saker kan vere grunn til å leggje meir vekt på omsynet til samordning mellom styresmakter i einskildsaker enn elles, eller om ei slik tilnærming til lovtolking kan kome i strid med føresetnader om likskap og føreseielege forvaltningsvedtak.

Nøkkelord: arealplanlegging, kompetanse, kommunen, akvakulturstyresmakter, vilkår

Engelsk sammendrag
The topic of this article is the legal framework for governing land use in marine areas. It addresses the question whether interpretations of the legal basis for the governance of land use as stated in regulations and terms and conditions vary depending on whether the issue at hand is a matter of land use within or outside the realm of private property law. A central question is whether such cases may require a greater coordination between governmental agencies than usual, or if such an approach to legal interpretation may come into conflict with requirements of equal treatment and predictability in administrative decisions.

Keywords: land-use planning, competence, municipality, aquaculture-authorities, requirements
Del av verk:Integrert kystsoneforvaltning
Forlagets omtale: Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka. Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø. Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem. Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®

Ekstern:Oppslag i Oria
Vedlegg:- Idunn