Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Urfolksperspektiv og planlegging i sjø
Ansvar:Katrine Broch Hauge
Forfatter:Hauge, Katrine Broch
Materialtype:Bokkapittel
Utgitt:Oslo : Universitetsforlaget, 2021
Omfang:Side 540-571
ISBN/ISSN:9788215045085
Emneord:Akvakultur / Fiskerinæring / Folkerett / Kyst / Naturressurser / Samer / Sametinget / Urbefolkning
Stikkord:Akvakulturloven (2005) § 6 / Finnmarksloven (2005) § 2 / Grunnloven § 108 / Grunnloven § 92 / Havressurslova (2008) § 8 / HR-2016-2554-P (Holship) / HR-2017-2247-A (Reinøy) / HR-2018-456-P (Nesseby) / HR-2018-872-A / ILO-konvensjon nr 169 / Menneskerettsloven (1999) § 2 / Menneskerettsloven (1999) § 3 / Plan- og bygningsloven (2008) § 11-11 / Plan- og bygningsloven (2008) § 11-8 / Plan- og bygningsloven (2008) § 11-9 / Plan- og bygningsloven (2008) § 3-1 / Plan- og bygningsloven (2008) § 5-4 / SP - Artikkel 27 - Internasjonal konvensjon om sivile og politiske rettigheter
Note:Open Access: Attribution-NonCommercial 4.0 International (CC BY-NC 4.0)

Kapittel 29
Innhold:Sammendrag
I dette kapittelet ser eg nærare på korleis urfolksinteresser, rettare sagt sjøsamiske interesser, kan sikrast ved planlegging i sjø. Temaet er aktuelt fordi havbruksnæringa stadig rykker nordover i landet. Eg studerer først status for sentrale folkerettslege kjelder på området i plan- og bygningslova. Deretter ser eg nærare på dei praktiske moglegheitene for å vareta urfolksinteresser i det kommunale planarbeidet. Kapittelet viser at det er ei spenning mellom dei overordna formåla på dette området i lova og dei praktiske moglegheitene for å sikra interessene.

Nøkkelord: urfolksinteresser, sjøsamiske interesser, arealplan i sjø, folkerett, akvakultur, motsegn, Sametinget

Engelsk sammendrag
In this article, I take a closer look at how indigenous peoples’ interests, or rather Sámi interests, can be secured when municipal plans are adopted in sea-areas. The topic is relevant because the aquaculture industry is constantly moving north. Firstly, I study the legal status of important rules in international law in the Planning and Building Act. Then, I take a closer look at the practical possibilities for safeguarding indigenous peoples’ interests in the municipal planning. The article shows that there is a tension between the overriding purposes in this area of the law, and the practical possibilities for securing these interests.

Keywords: indigenous rights and interests, sea Sami interests, land-use plan, fish-farming, Sámi Parliament, objections to land-use planning
Del av verk:Integrert kystsoneforvaltning
Forlagets omtale: Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka. Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø. Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem. Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®

Ekstern:Oppslag i Oria
Vedlegg:- Idunn