Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:EØS-borgar dømt for tjuveri kunne ikkje utvisast - HR-2022-533-A, (sak nr. 21-138759SIV-HRET) : 7. mars 2022 avsa Høyesterett dom
Ansvar:A (advokat Odd Gunnar Kallevik) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Kristin Hallsjø Aarvik)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2022
Omfang:12 sider
Emneord:EØS / Høyesterettsdom / Kriminalitet / Utvisning
Stikkord:HR-2022-533-A
Geografiske emneord:Romania
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Ein EØS-borgar frå Romania hadde vedteke førelegg for to tjuveri, eit i 2016 og eit nytt i 2019. Etter det siste tjuveriet vart han utvist frå Noreg med eit innreiseforbod på to år. Høgsterett kom til at utvisingsvedtaket var ugyldig.

Sjølv om omsynet til offentleg orden tilsa utvising etter det siste tjuveriet, er dette ikkje tilstrekkeleg for utvising. Etter lova må det også vera konkrete forhold ved utlendingens framferd som tilseier at det er ein gjentakingsfare; ein «tilstrekkelig alvorlig trussel» mot grunnleggjande samfunnsomsyn. Ein fjern moglegheit for nye lovbrot er ikkje tilstrekkeleg. Tidlegare liknande lovbrot kan vera relevante, men kan ikkje i seg sjølv grunngje utvisinga.

I den konkrete vurderinga av gjentakingsfaren la Høgsterett vekt på alvoret i lovbrota, korleis desse hadde skjedd og at det ikkje låg føre opplysningar om organisert verksemd eller kriminelt miljø. Det vart også lagt noko vekt på at utlendingens livssituasjon talte mot at det låg føre gjentakingsfare. Høgsterett fann at vilkåret for utvisning ikkje var oppfylt.

Høgsterett kom også til at EØS-borgaren hadde tilstrekkeleg rettsleg interesse i få prøvd vedtaket, sjølv om innreiseforbodet på to år no var over.

Dommen gjev rettleiing for vilkåra for å utvise ein EØS-borgar ved mindre alvorlege lovbrot.

Rettsområde: Forvaltningsrett, utlendingsrett, utlendingslova § 122

Dommarar: Skoghøy, Matheson, Kallerud, Bergh, Høgetveit Berg

(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Nøkkelord: EØS-borger, tyveri, lovbrudd

Vedlegg:- Rettsinfo.no