Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Brot på byggherreforskrifta har ikkje privatrettslege verknader - HR-2022-1120-A, (sak nr. 21-152318SIV-HRET : 7. juni 2022 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Veidekke Entreprenør AS mot Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Håvard Hansen Holdø)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2022
Omfang:15 sider
Emneord:Entreprenørvirksomhet / Entrepriserett / HMS (Helse, miljø og sikkerhet) / Høyesterettsdom / Kontrakter / SHA (Sikkerhet, helse og arbeidsmiljø)
Stikkord:Avtaleloven (1918) § 36 / Byggherreforskriften (2009) § 5 / Byggherreforskriften (2009) § 7 / HR-2022-1120-A / Norske lov (1687) 5-1-2 / NS 8406 / SHA-planen
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Etter offentleg anbod inngjekk Statens vegvesen og Veidekke Entreprenør AS i 2015 kontrakt om levering av K10 Svegatjørn–Fanavegen, ein del av ny hovudveg mellom Os og Bergen. Veidekke vart forseinka ved fleire delfristar undervegs.

Spørsmålet var om Statens vegvesens moglege brot på kravet i byggherreforskrifta § 5 – om at det skal setjast av tilstrekkeleg byggjetid – skulle få privatrettsleg verknad mellom partane, slik at dei dagmulktsanksjonerte delfristane måtte setjast til side eller forlengast.

Høgsterett kom til at moglege brot på forskrifta ikkje hadde privatrettslege verknader. Overskridingane av delfristane i kontrakten kunne såleis ikkje setjast til sides eller reviderast, korkje etter entreprisekontrakten sjølv, Norske Lov 5–1–2, effektivitetsprinsippet i EØS-retten eller avtalelova § 36.

Ein dommar dissenterte og meinte at fristane i kontrakten måtte setjast til sides – i praksis forlengast – så langt dei var i strid med kravet i byggherreforskrifta, slik at krava om dagmulkt måtte avskjerast i forlengingsperioden.

Dommen avklarar at brot på byggherreforskrifta § 5 ikkje har privatrettslege verknader.

Rettsområde: Entrepriserett. Avtalerevisjon. Effektivitetsprinsippet i EØS. Byggherreforskrifta § 5. NS 8406. Norske Lov 5–1–2. Avtalelova § 36.

Nøkkelavsnitt: 48-49, 67, 70

Dommarar: Skoghøy, Bull, Arntzen, Falch, Berg
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Nøkkelord: Dagmulkt, mulkt

Vedlegg:- Rettsinfo.no