Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Ein kunde måtte ikkje sjølv bera tapet etter BankID-svindel - HR-2022-1752-A, (sak nr. 22-025299SIV-HRET) : 13. september 2022 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Sparebank 1 Østlandet (advokat Olav Fredrik Perland) mot A, Forbrukarrådet (partshjelpar) (advokat Amund Noss) (Rettsleg medhjelpar: advokat Asle Bjelland)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2022
Omfang:9 sider
Emneord:BankID / Høyesterettsdom / Svindel
Stikkord:Finansavtaleloven (1999) § 35 / HR-2022-1752-A (Olga-saken)
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Saka gjeld ein banks ansvar overfor ein kunde etter at svindlarar fekk kunden til å røpe kode og passord. Dette førte til uautoriserte betalingar frå kontoen hennar. Tapet var på 153 240 kroner.

Etter avtala om bankID har kunden plikt til ikkje å røpe kode og passord – heller ikkje til banken eller politiet. Hovudspørsmålet i saka var om kunden hadde handla forsettleg og difor sjølv måtte dekkje tapet.

Banken meinte at det var tilstrekkeleg for å konstatere forsett at handlingane i seg sjølv var forsettlege, slik at kunden berre kunne vera ansvarsfri der villfaringa om plikta til ikkje å røpe kode og passord var orsakande. Kunden og Forbrukarrådet meinte at forsettet også måtte omfatte pliktbrotet, det vil seia at kunden måtte vera klar over at ho braut avtala i den konkrete situasjonen som oppstod under svindelen.

Høgsterett kom til at det ut frå ordlyden i og oppbygginga av finansavtalelova § 35 tredje ledd krevst at kunden også må ha vore klar over pliktbrotet for å bli ansvarleg for heile tapet.

Under svindelen trudde kunden ho snakka med ein representant for banken. Ho var, i den situasjonen ho vart presentert for av svindlarane, ikkje klar over at ho etter avtala ikkje kunne gje koden og passordet til tilsette i banken. Når ho ikkje var klar over pliktbrotet, handla ho heller ikkje forsettleg. Sidan kvinna hadde vore grovt aktlaus, må ho likevel dekkje ein eigendel på 12 000 kroner.

Dommen avklarar eit stykke på veg innhaldet i forsettsvilkåret i finansavtalelova § 35 tredje ledd.

Rettsområde: Finansavtalerett. Finansavtalelova § 35 tredje ledd tredje punktum
Nøkkelavsnitt: 50-51
Dommarar: Indreberg, Falkanger, Arntzen, Bergh, Høgetveit Berg
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no