Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Innleigd arbeidskraft er omfatta av særregel om meirverdiavgift - HR-2022-2253-A, (sak nr. 22-011666SIV-HRET) : 22. november 2022 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Staten v/Skatteetaten (Regjeringsadvokaten v/advokat Asgeir Nygård) mot Lienveien 11 AS (advokat Ivan Skjæveland)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2022
Omfang:11 sider
Emneord:Høyesterettsdom / Merverdiavgift
Stikkord:HR-2022-2253-A / Merverdiavgiftsloven (2009) § 3-26
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Eit hotell på Geilo vart i 2012 pussa opp og gjort om til utleigerom som skulle seljast. Arbeida vart gjort for eigarens rekning og risiko, men ved hjelp av innleigd arbeidskraft.

Spørsmålet i saka var om seljaren hadde plikt til å berekne uttaksmeirverdiavgift på kostnader til oppussing og ombygging ved innleigd arbeidskraft.

Fleirtalet i Høgsterett meinte at ordlyden i meirverdiavgiftslova § 3-26 taler for ei slik plikt. Språkleg kunne førearbeida tale for det motsette, men sidan dei ikkje inneheld noka drøfting av spørsmålet, er det ikkje grunnlag for å tolke inn eit arbeidsrettsleg tilknytingsvilkår. I tillegg la fleirtalet vekt på at dersom innleigd arbeidskraft skulle falle utanfor, vil det kunne gje eit urettmessig konkurransefortrinn å organisere byggeverksemda slik at arbeidet blir gjort av innleigd arbeidskraft i staden for av eigne tilsette.

Staten vann fram med anken og vart frifunnen. Ein dommar dissenterte og meinte at anken ikkje kunne føre fram.

Dommen gjev avklaring om verkeområdet til meirverdiavgiftslova § 3-26.

Rettsområde: Avgiftsrett. Meirverdiavgift.
Nøkkelavsnitt: 39-40
Dommarar: Falkanger, Bull, Falch, Høgetveit Berg, Sæther
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no