Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Utbygging av hotell på Geilo var ikkje hindra av servitutt - HR-2023-847-A, (sak nr. 22-148554SIV-HRET) : 4. mai 2023 avsa Høyesterett dom
Ansvar:A, B, C, D, E (advokat Ulf Martin Veel Larsen) mot Timrehaugveien 2 AS (advokat Jørgen Aandal Vangsnes)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2023
Omfang:11 sider
Emneord:Høyesterettsdom / Servitutter
Stikkord:HR-2023-847-A / Servituttlova (1968) § 4
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Ein eigedom på Geilo vart frådelt i 1939. Eigedomen var påhefta ein såkalla negativ servitutt, som set grenser for kva eigedomen kan nyttast til. Mellom anna kunne han ikkje nyttast til hotellverksemd. Eigaren av Dr. Holms Hotel kjøpte eigedomen attende i 2008 og ynskte å nytte denne til å utvide hotellet. Ei rekkje grunneigarar i nærleiken gjorde gjeldande at servitutten hindra den planlagde utbygginga.

Høgsterett kom til at servitutten ikkje er ein såkalla strokservitutt, som skal verne om ein særskild bu- og byggjeskipnad i området. Etter Høgsteretts syn var eit sentralt føremål med servitutten å hindre konkurranse med hotellet. Også andre moment talte for at servitutten vart påhefta av omsyn til hotelldrifta.

Servitutten hindrar etter Høgsteretts syn såleis ikkje den planlagde utbygginga til Dr. Holms Hotel.

Avgjerda klargjer kva som kan reknast som ein «strokservitutt».
Rettsområde: Negative servitutt. Byggeforbod. Strokservitutt. Servituttlova § 4
Nøkkelavsnitt: 54-55
Dommarar: Falkanger, Bergsjø, Bergh, Høgetveit Berg, Steinsvik
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no