Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Avslag på søknad om advokatløyve var eit ugyldig vedtak - HR-2023-1148-A, (sak nr. 22-161390SIV-HRET) : 20. juni 2023 avsa Høyesterett dom
Ansvar:Staten v/Advokatbevillingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Andreas Hjetland ) mot A (advokat Kristoffer Larsen Rognvik), Den Norske Advokatforening (partshjelpar) (advokat Kaare Andreas Shetelig)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2023
Omfang:12 sider
Emneord:Advokater / Høyesterettsdom / Ugyldighet
Stikkord:Advokatforskriften (1996) § 8-1 / Domstolloven (1915) § 220 / HR-2023-1148-A
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:Ein advokatfullmektig som søkte om advokatløyve fekk avslag frå Tilsynsrådet for advokatverksemd. Avslaget var grunngjeve med at advokatfullmektigen ikkje hadde vore autorisert som fullmektig for den advokaten som ho hadde utført to prosessoppdrag for. Autorisasjonen mangla på grunn av ein openberr glipp frå advokatfirmaets side. Advokaten var utegløymt frå lista over advokatar i søknaden som var sendt til Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Høgsterett slår fast at det etter advokatforskrifta § 8-1 fyrste ledd i utgangspunktet er eit vilkår at fullmektigen har vore autorisert som fullmektig for den advokaten som fullmektigen har utført det aktuelle prosessoppdraget for.

Spørsmålet etter dette var kva som var konsekvensen av at vilkåret ikkje var oppfylt i denne konkrete saka. Høgsterett peikar på at det er reell prosedyreerfaring som er føremålet med advokatforskrifta § 8-1 fyrste ledd. Dei beste grunnane talar difor for å forstå føresegna slik at søkjaren har krav på advokatløyve også i dei tilfella der han eller ho godtgjer tilstrekkeleg faktisk prosedyreerfaring i tråd med forskrifta, og prinsipalen fyller alle vilkåra for å ha vedkommande fullmektig autorisert for seg, men den formelle autorisasjonen for denne prinsipalen manglar etter ein openberr glipp.

Prosedyreerfaringa som var dokumentert i søknaden oppfylte difor prosedyrekravet i advokatforskrifta § 8-1. Vedtaket frå Advokatbevillingsnemnda vart kjent ugyldig.

Rettsområde: Advokatrett
Nøkkelavsnitt: 73–74
Dommarar: Indreberg, Bergsjø, Arntzen, Høgetveit Berg og kst. dommar Remen
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no