Forlagets omtale: |
Tinglysingslova har sidan 1935 vore ei av dei grunnleggjande lovene om rettar i fast eigedom. Lova regulerer registrering og tredjemannsvern av eigedomsrett og avgrensa rettar, inkludert panterettar, i fast eigedom. Tinglysingslova heimlar også Lausøyreregisteret.
Tinglysingslova er gjennomgripande endra sidan fyrsteutgåva av denne boka, som fylgje av elektronisk tinglysing.
Boka gjev ei samla framstilling av tinglysingslova og tinglysingsforskriftene. Reglane om dokumentavgift for fast eigedom blir også handsama. Målgruppa er alle som kjem i kontakt med tinglysing.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® |