Tittel: | Straffbart å gje urett forklaring for forliksrådet - HR-2023-1638-A, (sak nr. 23-043575STR-HRET) : 7. september 2023 avsa Høyesterett dom | Ansvar: | A (advokat Knut Helge Hurum) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Karl Kristian Nordheim) | Materialtype: | Dom | Signatur: | Høyesterett | Utgitt: | Oslo : Høyesterett, 2023 | Omfang: | 6 sider | Emneord: | Høyesterettsdom / Strafferett | Stikkord: | EMK - Artikkel 7 - Konvensjon om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter / Grunnloven § 96 / HR-2023-1638-A / Straffeloven (2005) § 14 / Straffeloven (2005) § 221 | Note: | Straffesak, anke over dom. | Innhold: | Ein manager som låg i konflikt med ein annan person etter Instagram-innlegg, sendte kopi av ein manipulert e-post til advokaten sin. E-posten framstod som dokumentasjon på eit økonomisk tap. Advokaten sendte e-posten vidare til forliksrådet som vedlegg til ei forliksklage.
Manageren vart etter dette tiltalt og straffa for å ha gjeve urette opplysningar til forliksrådet. Han anka til Høgsterett. Spørsmålet for Høgsterett var om forbodet mot å gje urette opplysningar til «retten» i straffelova § 221 fyrste ledd bokstav a også omfattar opplysningar gjevne til forliksrådet.
Høgsterett svarte samrøystes bekreftande på spørsmålet, sidan forliksrådet blir rekna for å vera ein domstol. Dette er ikkje i strid med det strafferettslege lovkravet. Anken frå manageren førte difor ikkje fram.
Rettsområde: Strafferett. Lovskravet. Grunnlova § 96, Straffelova § 14 og § 221, EMK artikkel 7 Nøkkelavsnitt: 22 og 26 Dommarar: Matheson, Normann, Bull, Høgetveit Berg, Hellerslia (Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)
|
|
|