Tittel: | Krav om å avgjera ei sak ved skilsdom (valdgift) var framsett for seint - HR-2023-2055-A, (sak nr. 23-042673SIV-HRET) : 1. november 2023 avsa Høyesterett dom | Ansvar: | ByWe AS (advokat Marianne Klausen) mot IdHair Company A/S (advokat Alex Borch) | Materialtype: | Dom | Signatur: | Høyesterett | Utgitt: | Oslo : Høyesterett, 2023 | Omfang: | 11 sider | Emneord: | Foreldelse / Høyesterettsdom / Voldgift | Stikkord: | HR-2023-2055-A / Markedsføringsloven (2009) § 25 / Markedsføringsloven (2009) § 26 / Markedsføringsloven (2009) § 30 / Voldgiftsloven (2004) § 7 | Geografiske emneord: | Danmark | Note: | Sivil sak, anke over dom. | Innhold: | To selskap hadde i ein distribusjonsavtale om hårvoksprodukt avtalt at tvistar mellom selskapa skulle avgjerast i Danmark ved skilsdom (valdgift). Etter at avtalen var sagt opp tok den eine kontraktsparten ut søksmål mot den andre med krav om erstatning for brot på marknadsføringslova.
Saka for Høgsterett var avgrensa til spørsmålet om lagmannsretten hadde tolka skilsdomslova § 7 rett når han hadde kome til at retten til å krevja saka avgjort ved skilsdom var fallen bort.
Høgsterett kom til at den som vil ha ei sak avvist fordi ho høyrer under skilsdom, må vera tydeleg på at kravet om avvising knyter seg til at det er avtalt skilsdom. Kravet må dessutan fremjast seinast samstundes med at parten går inn på realiteten i saka i tilsvaret til forliksrådet. I motsett fall er kravet framsett for seint og skal avskjerast.
Høgsterett kom til at lagmannsretten si lovtolking var rett, og forkasta anken.
Ordskurden gjev rettleiing om kva som er rett tolking av skilsdomslova § 7.
Rettsområde: Skilsdomslova – lov 14. mai 2004 nr. 25 om voldgift § 7. Nøkkelavsnitt: 35, 46, 61 Dommarar: Matheson, Noer, Thyness, Stenvik, kst. dommar Elsheim (Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)
|
|
|