Tittel: | Straffebodet om valdtekt omfattar overrumplingstilfelle - HR-2023-2193-A, (sak nr. 23-093201STR-HRET) : 21. november 2023 avsa Høyesterett dom | Ansvar: | Påtalemakta (statsadvokat Anne Christine Stoltz Wennersten), A (advokat John Christian Elden) mot B (advokat Frode Sulland) | Materialtype: | Dom | Signatur: | Høyesterett | Utgitt: | Oslo : Høyesterett, 2023 | Omfang: | 15 sider | Emneord: | Høyesterettsdom / Seksuell trakassering / Seksuelle overgrep / Strafferett / Voldtekt | Stikkord: | HR-2023-2193-A / Straffeloven (2005) § 291 b / Straffeloven (2005) § 297 | Note: | Straffesak, anke over dom. | Innhold: | Ein mann og ei kvinne dansa saman på ein utestad. Dei hadde under og etter dansinga frivillig og gjensidig fysisk kontakt. Etter dansinga flytta dei seg til sida av dansegolvet. Medan mannen heldt kvinna rundt livet, tok han handa raskt innunder kvinna sitt skjørt og stakk ein finger opp i skjeden hennar bakfrå.
Mannen vart etter hendinga tiltalt for valdtekt etter straffelova § 291 bokstav b. I lagmannsretten vart han dømd etter det mildare straffebodet om seksuell handling i straffelova § 297.
Høgsterett har kome til at overrumplingstilfelle der den seksuelle omgangen kjem så brått og uventa på den fornærma at vedkomande reelt ikkje rekk å reagera, er omfatta av straffebodet om valdtekt, straffelova § 291 bokstav b om forbod mot seksuell omgang med nokon som er «ute av stand til å motsette seg handlingen». Frivillig fysisk kontakt mellom to personar opnar ikkje for at den eine kan overrumpla den andre med meir inngripande seksuelle handlingar som ho eller han er ute av stand til å setja seg imot.
Høgsterett kom til at lagmannsretten hadde tolka straffelova § 291 bokstav b feil, og oppheva dommen. Lagmannsretten må då vurdera på nytt om vilkåret «ute av stand til å motsette seg handlingen» er innfridd.
Eit mindretal på to dommarar meinte, som lagmannsretten, at handlinga vert råka av straffelova § 297 om seksuell handling utan samtykke, og ikkje av straffelova § 291 om valdtekt Dei var samde i at straffelova § 291 bokstav b omfattar overrumplingstilfelle, men meinte det stilte seg annleis i ei sak der det var ein form for seksualisert kontakt mellom den tiltalte og den fornærma før overgrepet.
Dommen avklårar rekkjevidda av vilkåret om «ute av stand til å motsette seg handlingen» i straffelova § 291 bokstav b.
Rettsområde: Strafferett. Seksuallovbrot. Straffelova § 291 bokstav b. Nøkkelavsnitt: 37, 42–43 Dommarar: Øie, Normann, Arntzen, Stenvik og kst. dommar Elsheim (Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)
|
|
|