Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Borns forklaringar til politiet kunne brukast som prov - HR-2023-2212-A, (sak nr. 23-098938STR-HRET) : 22. november 2023 avsa Høyesterett dom
Ansvar:A (advokat Marit Lomundal Sæther) mot Påtalemakta (statsadvokat Anders Mandal Funnemark)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2023
Omfang:7 sider
Emneord:Barn / Familievold / Høyesterettsdom / Vitner
Stikkord:HR-2023-2212-A / Straffeprosessloven (1981) § 122 / Straffeprosessloven (1981) § 123 / Straffeprosessloven (1981) § 235 / Straffeprosessloven (1981) § 239 a
Note:Sivil sak, anke over dom.
Innhold:To gutar som var nesten 11 og 12 år gamle, vart avhøyrde av politiet. Gutane vart gjorde merksame på at dei måtte snakke sant, men det vart ikkje sagt noko om forklaringsplikt. Begge gutane forklarte at far hadde slått mor. I seinare avhøyr sa borna at dei ikkje hadde sett dette, og at dei ikkje ynskte at far skulle straffast.

Spørsmålet for Høgsterett var om forklaringane frå borna i det fyrste avhøyret kunne nyttast som prov. Skulle borna, dersom dei ikkje hadde forklaringsplikt, ha vore informerte om dette før dei forklarte seg for politiet?

Høgsterett kom til at utgangspunktet er at politiet og domstolane skal informere nærståande om retten til forklaringsfritak dersom ein fritaksgrunn er aktuell. Skal ein unnlata å informere, må det vera ein grunn til det.

I den konkrete saka var det grunn til å unnlate å informere, sidan far vart sikta kort tid etter avhøyret. Etter dette hadde borna, slik reglane er, plikt til å forklare seg. Å forklare eit barn at det i den eine augneblinken ikkje har vitneplikt, medan det vil kunne ha det i den neste, harmonerer etter Høgsteretts syn ikkje med dei omsyna som ligg bak reglane om forklaringsplikt og -fritak i straffeprosesslova.

Avhøyra var då i denne saka lovleg mottekne av politiet og kunne brukast som prov i retten.

Rettsområde: Straffeprosesslova §§ 122, 123, 235, 239 a
Nøkkelavsnitt: 34–38
Dommarar: Webster, Bull, Høgetveit Berg, Steinsvik og kst. dommar Magni Elsheim
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no