Tittel: | Utmåling av oppreising etter kroppsvisitasjonar i fengsel - HR-2024-1170-A, (sak nr. 23-154353SIV-HRET) : 26. juni 2024 avsa Høyesterett dom | Ansvar: | Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Henriette Lund Busch) (Rettsleg hjelpar:advokat Henrik Vaaler) mot A,B,C (advokat Maria Hessen Jacobsen) | Materialtype: | Dom | Signatur: | Høyesterett | Utgitt: | Oslo : Høyesterett, 2024 | Omfang: | 12 sider | Emneord: | Fengsel / Høyesterettsdom / Kroppsvisitasjon / Menneskerettigheter / Oppreisning | Stikkord: | EMK - Artikkel 13 - Konvensjon om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter / EMK - Artikkel 14 - Konvensjon om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter / HR-2024-1170-A | Note: | Sivil sak anke over Borgarting lagmannsretts dom. | Innhold: | Høgsterett i storkammer slo 22. mars 2024 fast at kroppsvisitasjonar i Bergen fengsel hadde vore i strid med menneskerettane. Høgsterett har no utmålt oppreising til dei tre innsette. Dei kravde oppreising for ikkje-økonomisk tap med heimel i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 13.
EMK artikkel 13 krev at statane må ha nasjonale botemiddel mot menneskerettsbrot. Staten ved Justis- og beredskapsdepartementet var samd i at dei innsette hadde krav på oppreising i saka her. Partane var derimot ikkje samde om kva som er rettsgrunnlaget for kravet, EMK artikkel 13 «direkte» eller ulovfesta rett.
Høgsterett fastslår at det er konvensjonsbrotet, kombinert med EMK artikkel 13, som gjer at personar som har fått menneskerettane sine krenkte, har krav på oppreising for ikkje-økonomisk tap.
Den konkrete utmålinga vert sett til høvesvis 100 000 kroner, 50 000 kroner og 90 000 kroner for dei tre innsette. Ved utmålinga tok Høgsterett utgangspunkt i dei standardiserte satsane for oppreising ved fridomstap etter urettkomen strafforfølging og høgsterettspraksis om kompensasjon i form av ein dag varetektsfrådrag per to konvensjonsstridige nakenvisitasjonar. Likskapsomsyn tilseier ei tilsvarande omrekning ved utmålinga i tilfelle der auka varetektsfrådrag er uaktuelt.
Rettsområde: Menneskerettar. EMK artikkel 13 og artikkel 41 Nøkkelavsnitt: 37-38, 43-44 Dommarar: Falkanger, Bull, Høgetveit Berg, Sæther, Stenvik (Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)
|
|
|