Rettsinfo
  • Portal
  • Søk
    v
  • Min konto
  • Logg på
  • Marcdata
  • RIS
  • Referanse
Tittel:Utmåling av straff og oppreising for overgrep gjort av tilsett ved barnevernsinstitusjon - HR-2024-1201-A, (sak nr. 24-032386STR-HRET) : 27. juni 2024 avsa Høyesterett dom
Ansvar:A (advokat Frode Sulland) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes), B (advokat Karoline Henriksen)
Materialtype:Dom
Signatur:Høyesterett
Utgitt:Oslo : Høyesterett, 2024
Omfang:10 sider
Emneord:Ansatte / Barnevernet / Høyesterettsdom / Oppreisning / Overgrep / Strafferett / Straffeutmåling
Stikkord:HR-2024-1201-A / Straffeloven (2005) § 296
Note:Straffesak, anke over Gulating lagmannsretts dom.
Innhold:Saka gjeld straffutmåling for ein tilsett ved ein barnevernsinstitusjon som var domfelt for å ha hatt 30 samleie over 5 månader med ei 16 år gamal jente som han hadde ansvaret for. I tillegg gjeld saka utmåling av oppreising.

Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 3 år og 3 månader, i tillegg til at den domfelte fekk restriksjonar på kva slags stilling han kan ha i framtida (rettstap).

Høgsterett vraka anken frå den domfelte om lengda på fengselsstraffa. Rettstapet vart noko justert, slik at mannen på ubestemt tid vart frådømd retten til å ha stilling i institusjonar under barnevernet der han har høve til å vera aleine med born. Oppreisingsbeløpet til den fornærma vart sett til 150 000 kroner, som er noko mindre enn i dommen frå lagmannsretten.

Eit mindretal på to dommarar meinte at fengselsstraffa skulle reduserast til 1 år og 9 månader, og at oppreisinga skulle reduserast ytterlegare.

Rettsområde: Straffelova § 296
Nøkkelavsnitt: 14, 22, 28, 32, 35, 44–45
Dommarar: Falkanger, Falch, Høgetveit Berg, Sæther, Stenvik
(Sammendraget er utarbeidet i Høyesteretts informasjonsvirksomhet, og er ikke en del av avgjørelsen.)

Vedlegg:- Rettsinfo.no