Søk i Vik folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • v
  • Gi vurdering
  • Reserver
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
  • Send melding
Tittel:Langt borte - men likevel nær : utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962
Ansvar:Rasmus Sunde
Forfatter:Sunde, Rasmus
Materialtype:bok
Signatur:lokal
Utgitt:Førde : Selja forl., 2004
Omfang:240 s. - ill. ; 29 cm
ISBN/ISSN:82-91722-43-9
Klassenummer:977.004382 / 977.004382 / 973.043982
Eier:Vik folkebibliotek
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)
Forlagets omtale: Langt borte men likevel nær
Utvandringa frå Stryn kommune 1850-1962
Våren 1912 sit 67 år gamle Isak Rasmusson Sølvberg i Wisconsin og skriv livssoga si. Han fortel detaljert om barndom og ungdom i Stryn, utvandringa til USA i 1870 og det strevsame, men rike livet som settlar i Crawford county, Wisconsin. Historia om Isak er spennande og gripande, og den forvitnelege livssoga hans kan godt vere lagnaden til tusenvis av andre emigrantar, både frå Stryn og andre stader.
Isak var ein av heile 2606 stryningar som utvandra gjennom vel hundre år. Dette tilsvarer meir enn halvdelen av folketalet i Stryn i år 1900. Denne boka inneheld namn og detaljopplysningar om alle utvandrarane frå Stryn. Dessutan får vi ei skildring av Stryn på 1800-talet, ein analyse av kven utvandrarane var, og ei drøfting av kvifor dei reiste til USA. Vi får høyre om den strabasiøse reisa over havet, og om korleis livet arta seg i det nye landet.
For Isak var det eit dramatisk val å utvandre. Og for Stryn, som for dei fleste bygder, er det knapt noko historisk fenomen som har hatt så mykje å seie som folkevandringa over havet. Det er mest ikkje ein gard eller plass der det ikkje har utvandra folk ifrå. Og dei fleste stryningar har slekt "over there".
Boka er rikt illustrert med kring 170 gamle og nye foto, grafiske illustrasjonar og nyteikna kart.
Rasmus Sunde (f. 1944) er førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er fødd i Vik i Sogn, oppvaksen i Jølster, med farsslekt frå Stryn, og busett i Balestrand. Sunde har hovudfag i historie, doktorgrad i migrasjonshistorie, og har skrive fleire bøker om emnet: "Ein stad skal ein vera. Utvandringa frå Vik i Sogn" (1989), "Long Prairie. Ei sognebygd i Amerika" (1994), "Ei utvandrarsoge frå Sogndal" (1994) og "Vikjer ved fjorden - vikjer på prærien" (2001).
English summary
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligVik folkebibliotekVik folkebiblioteklokal

Vurdering: