Søk i Vik folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • v
  • Gi vurdering
  • Reserver
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
  • Send melding
Tittel:Fante-Nils og forteljingane Treskilling, Hjelpelaus
Ansvar:Per Sivle ; illustrert av Anette Eriksson Linander
Forfatter:Sivle, Per / illustr.: Linander, Anette Eriksson
Materialtype:bok
Signatur:fv
Utgitt:Førde : Selja, cop. 2006
Omfang:64 s. - kol. ill.
ISBN/ISSN:82-91722-66-8
Eier:Vik folkebibliotek
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)
Forlagets omtale: "Då kasta eg meg ned, gret og tuta og tuta og gret. Dei trudde eg var galen, dei som stod rundt. Dei såg ikkje korleis det var barnet i meg som låg sundbrote og hiksta utanfor si eiga stengde dør." Desse linene er henta frå "Fante-Nils", ei forteljing om venskap, om hovmod, anger og dårleg samvit. I forteljingane "Treskilling" og "Hjelpelaus" skildrar Sivle kjærleik og mistru, havesykje og omsut, hjelpeløyse og samhald på ein måte som får kvar streng i sjela til å dirre. Felles for alle forteljingane er at dei handlar om dei store kjenslene og tankane eit barnesinn kan romme, og stemningane går rett i margen på oss. Tekstane til Sivle er ein litterær kulturarv born som veks opp i dag også bør få del i. Dei tre forteljingane vart første gong trykte i "Sogor" i 1887, og kjem her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskrivne av Jens Brekke. Illustrasjonane til Anette Eriksson Linander er nylaga til boka. Per Sivle (1857-1904) var fødd i Aurland, voks opp på Vossestrand. Knapt nokon annan norsk forfattar har nådd lenger inn i den norske sjela enn han har gjort med "Den fyrste song". Han skreiv dikt, noveller og ein roman, og var avismann i Drammen og Oslo. Store delar av livet kjempa han mot fattigdom, svolt og ei skral helse. Jens Brekke (f.1951), frå Vik i Sogn. Lærar og kulturarbeidar. Leiar for Sivle-laget. Anette Eriksson Linander (f.1954), svensk illustratør og kunsthandverkar. Har budd på Vestlandet i fleire bolkar, og hatt utstillingar i Stockholm og Vik i Sogn.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligVik folkebibliotekVik folkebibliotekfv

Vurdering: