Tittel: | Harald Seim : kunstmålaren frå Kinn | Ansvar: | Magnus Helge Torvanger | Forfatter: | Torvanger, Magnus Helge | Materialtype: | bok | Signatur: | fv | Utgitt: | Førde : Selja, 2014 | Omfang: | 128 s. - kol. ill., faks., port. | ISBN/ISSN: | 978-82-8240-083-1 | Klassenummer: | 759.81 | Personer som emne: | Seim, Harald. 1882-1975 n. - 759.81 - d5 - 2051207200 | Innhold: | Har bibliografi og kronologi | Eier: | Vik folkebibliotek | Eksemplar: | 1. (1 tilgjengelige) | Forlagets omtale: |
Harald Seim (1882-1975) var ein viktig sunnfjordkunstnar, med ein stor og allsidig produksjon. Han var fødd på Seim i Nordhordland og kom til øya Kinn ytst i Sunnfjord som fjortenåring. Mange av dei mest kjende norske kunstmålarane på 1800-talet måla bilete frå Kinn. Dette kan ha inspirert Seim, som i ungdomen tok til å måle. Han var i 1909 ein av dei første elevane ved Statens Kunstakademi i Kristiania, med Christian Krohg som lærar. Seim debuterte på Høstutstillingen i 1912. Bileta hans av kystnatur og sjøfuglar vekte oppsikt på ei rad utstillingar i Bergen og Kristiania. I 1921 var han på studiereise til Paris.
Harald Seim var aktiv kunstmålar heile livet og laga fleire tusen oljemåleri og akvarellar. Han måla mykje i Florø og elles i Sunnfjord, i Sogn og i Nordfjord - då særleg i Ålfoten og Hyen. Dette er den første boka om denne særmerkte kunstnaren, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og kring 40 foto.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® | |
|
1.ex | Tilgjengelig | | Vik folkebibliotek | Vik folkebibliotek | | fv | |
|
|