Tittel: | Historia om det tapte barnet : moden alder - alderdom : roman | Ansvar: | Elena Ferrante ; frå italiensk ved Kristin Sørsdal | Forfatter: | Ferrante, Elena / Sørsdal, Kristin | Materialtype: | bok | Signatur: | sv | Utgitt: | Oslo : Samlaget, 2016 | Omfang: | 572 s. | ISBN/ISSN: | 978-82-521-8880-6 | Klassenummer: | 853 / 853.914 / 850 | Stikkord: | italiensk skjønnlitteratur / romaner | Note: | Italiensk originalutg.: Roma : E/O, 2014. - (L'Amica geniale ;4) | Eier: | Vik folkebibliotek | Eksemplar: | 1. (1 tilgjengelige) | Forlagets omtale: |
Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap.
Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store drama i livet bak seg. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom.
Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg!
Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og eineståande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjølve vil dei kvar gong oppdage nye ting.
Den fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar».
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® | |
|
1.ex | Tilgjengelig | | Vik folkebibliotek | Vik folkebibliotek | | sv | |
|
|