Søk i Vik folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • v
  • Gi vurdering
  • Reserver
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
  • Send melding
Tittel:Mørkemann : mi reise til kristenkonservatismen og tilbake
Ansvar:Emil André Erstad
Forfatter:Erstad, Emil André / Erstad, Emil André
Materialtype:bok
Signatur:fv
Omfang:126 sider
ISBN/ISSN:9788234007057
Klassenummer:248.4092
Emneord:Kristne / Personleg kristenliv - nno / Personlig kristenliv - nob
Personer som emne:Erstad, Emil André. 1991-
Eier:Vik folkebibliotek
Eksemplar:1. (1 tilgjengelige)
Forlagets omtale: Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete?
Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heilt sidan han som liten gut gjekk på søndagsskulen, var likevel målet med livet hans å kome til himmelen: Han måtte leve reint, gå på den smale stien og halde seg til boda til Jesus. Han var stolt over å kalle seg fundamentalist og meinte verda var korrupt og full av vantru. Trua hans gjekk snart ut over forholdet til familien. Systera, som var homofil, var redd for at ho aldri skulle få møte nevøen sin, sonen til Emil, og mora var djupt bekymra for kor ytterleggåande sonen hennar var i ferd med å bli.
I denne boka lét Erstad oss bli kjende med eit for mange framandt, religiøst univers. Undervegs prøver han å finne ut korleis han sjølv kunne bli så konservativ som han blei - men også kvifor han etter kvart tok til å tvile på den ekstreme måten han tolka Bibelen på. Dette er ei forteljing om ein mørkemann si personlege reise mot eit mildare lys, men boka teiknar også opp ein høgare, tematisk himmel: For kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exTilgjengeligVik folkebibliotekVik folkebibliotekfv

Antall lån: 1
Vurdering: