Tittel: | Klok kvinne eller digg dame? : eit stridsskrift om kjønn og Håvamål-omsetjing | Ansvar: | Kristin Fridtun | Forfatter: | Fridtun, Kristin / Fridtun, Kristin | Materialtype: | bok | Signatur: | fv | Omfang: | 157 sider | ISBN/ISSN: | 9788234010620 | Klassenummer: | 418.02082 | Emneord: | Feministisk litteraturteori / Omsetjing$ggenerell lingvistikk - Feministisk perspektiv - nno / Oversettelse / Oversettelse$ggenerell lingvistikk - Feministisk perspektiv - nob | Eier: | Vik folkebibliotek | Eksemplar: | 1. (1 tilgjengelige) | Forlagets omtale: |
Eit feministisk djupdykk i Håvamål.
Eddadiktet Håvamål har vore folkelesnad i mange generasjonar. Dei fleste av oss les diktet i omsett form, men kven er det som står bak omsetjingane? Og kor frie har omsetjarane tillate seg å vera, til dømes i framstillinga av kvinnefigurar?
Forfattar og norrønfilolog Kristin Fridtun er ein ihuga lesar av eddadikta. For nokre år sidan la ho merke til at den kvinnelege Håvamål-figuren Billings møy var framstilt litt annleis i norske omsetjingar enn i den norrøne grunnteksten. Var ikkje møya vorten litt penare i dei norske utgåvene? Og litt dummare? Fridtun tok til å saumfara utgåver på andre språk. Då dukka fleire spørsmål opp. Kvifor er det nesten berre menn som har omsett eddadikt til skandinavisk? Kvifor er Billings møy naken i illustrasjonane? Og kva veit vi eigentleg om henne?
Dette er ei lita bok om tre store tema: kjønn, omsetjing og norrøn litteratur. Fridtun tek oss med inn i originalteksten - her kjem vi så tett på ei Håvamål-strofe som vi aldri før har vore. Ho viser oss kva omsetjarane har å baksa med, samanliknar løysingane deira og diskuterer vala dei har gjort. I sentrum for det heile står Billings møy, ein lite kjend kvinnefigur som no vert lyft fram i lyset.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® | |
|
1.ex | Tilgjengelig | | Vik folkebibliotek | Vik folkebibliotek | | fv | |
|
|