Tittel: | Husjomfru : roman | Ansvar: | Edvard Hoem | Forfatter: | Hoem, Edvard / Hoem, Edvard | Materialtype: | bok | Signatur: | sv | Utgitt: | 2024 | Omfang: | 395 sider - kart | ISBN/ISSN: | 9788249523849 | Klassenummer: | 839.82374 | Emneord: | Hushjelper - nno / Hushjelper - nob | Stikkord: | 1800-talet / 1800-tallet | Personer som emne: | Hoem, Julie Elisabeth. 1835-1911 | Geografiske emneord: | Bergen - (NO-OsBA)1162677 - bibbi - nno / Bergen - (NO-OsBA)1162677 - bibbi - nob / Kristiansund - (NO-OsBA)1164232 - bibbi - nno / Kristiansund - (NO-OsBA)1164232 - bibbi - nob | Eier: | Vik folkebibliotek | Forlagets omtale: |
Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I dødsfallsprotokollen kan ein lese at ho hadde "Ingen Slegtninger og Intet Efterlatt".
"Husjomfru" fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund arbeider Julie Elisabeth dei fleste av livsdagane sine som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen.
Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. "Husjomfru" er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® | |
|
1.ex | Utlånt | | Vik folkebibliotek | Vik folkebibliotek | | sv | 12.12.2024 |
|
|