Søk i Vik folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
    v
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • v
  • Gi vurdering
  • Reserver
  • Fjernlån
  • Marcdata
  • RIS
  • Send melding
Tittel:Langt der nede : ein oppvekstroman frå Røykhola
Ansvar:Odd Nygård
Forfatter:Nygård, Odd / Nygård, Odd
Materialtype:bok
Signatur:sv
Utgitt:2025
Omfang:299 sider
ISBN/ISSN:9788284162560
Klassenummer:839.8238
Stikkord:1960-talet / 1960-tallet
Geografiske emneord:Årdal - (NO-OsBA)1164518 - bibbi - nno / Årdal - (NO-OsBA)1164518 - bibbi - nob
Eier:Vik folkebibliotek
Forlagets omtale: Ein medrivande oppvekstroman frå industribygda Årdal, innerst i Sognefjorden, på slutten av 1960-talet. Samfunnet og familieforholda er i forandring og skapar nye og ukjende utfordringar. Industrien, naturen og musikken blir vevd saman til ei tidsskildring som gjer historia autentisk og gjenkjennande. Hovudpersonen Vidar og venene hans fyller lesaren med humor, varme, kjærleik, sorg og lengsel. Musikken spelar ei sentral rolle i boka, både som drivkraft i handlinga og som tidsskildring.Balansekunstnaren Tell Teigen frå Høyanger, som også budde i Årdal, tilfører boka eit historisk, dokumentarisk tilleggs-perspektiv. Boktittelen «Langt der nede» er derfor eit bilde på denne våghalsen, samtidig som lesaren har ei medrivande kjensle av dei høge og bratte fjella, som omkransar denne bygda innerst inne i Sognefjorden, langt der nede.«Årdal, staden i Noreg der det vart seld flest Fiatar i høve til folketalet. Endeleg kjem det ei bok som dykker ned i dette spesielle samfunnet inst i Sognefjorden, der sosialdemokratiske draumar møter den nye pop- og rockekulturen, blanda med lukta frå smelteomnar og anodestøyperi. Odd Nygård vaks sjølv opp her, og har i boka Langt der nede skapt romankarakterar ut frå miljøet som forma han sjølv, på slutten av 1960-åra.»Morten Jentoft, journalist«Dei dramatiske hendingane i den store verda er bakteppet for Odd Nygård sin roman om ungdommar på veg inn i vaksenlivet i Årdal. ‘Langt der nede’ er forteljinga om heimbygda, både med eit kjærleg og reflekterande blikk.»Per Jon Odéen, journalist og forfattar
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®


EksemplarStatusNoteEierPlasseringBindHylleFrist
1.exUtlåntVik folkebibliotekVik folkebiblioteksv12.11.2025

Antall lån: 2
Vurdering: