Tittel: | Lenz | Ansvar: | Georg Büchner ; frå tysk ved Jon Fosse | Forfatter: | Büchner, Georg / Fosse, Jon | Materialtype: | Bok | Signatur: | Roman | Utgitt: | [Leikanger] : Skald, 2018 | Omfang: | 46 s. ; 18 cm | ISBN/ISSN: | 978-82-7959-285-3 | Klassenummer: | 833.7 | Emneord: | Psykiske lidelser - nob / Psykiske lidingar - nno | Geografiske emneord: | Frankrike - bokbas - nno / Frankrike - bokbas - nob | Note: | På ryggen: 1839 | Eier: | BERLEVÅG | Forlagets omtale: |
«Eg gidd ikkje eingong å ta livet av meg, det er så keisamt.» (Frå Georg Büchner «Lenz»). Georg Büchner skreiv forteljinga Lenzto år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar.
Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenzkjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenzer såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen.
SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen® |
|
|