Søk i Berlevåg folkebibliotek
  • Portal
  • Søk
  • Mine lån
  • Utlån
  • Innlevering
  • Gi vurdering
  • Marcdata
  • Send melding
Tittel:Bucolica - gjetarsongar
Ansvar:Vergil ; omsett av Matti Garnes Wiik
Forfatter:Vergilius Maro, Publius / overs.: Wiik, Matti Garnes
Materialtype:Elektronisk ressurs
Signatur:eBok
Utgitt:Oslo : Gyldendal, 2016
Omfang:1 elektronisk tekst (108 s.)
ISBN/ISSN:978-82-05-46295-3
Serie:Kanon
Note:Nedlastbar e-bok. EPUB med DRM
Sidetallet er hentet fra trykt utg.
Innhold:Har bibliografi, noter
Eier:BERLEVÅG
Forlagets omtale: Vergils debutverk for første gong på norsk
Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket sitt, Gjetarsongar (ca. 41 f.Kr.). I ei tid da dei romerske poetane hadde ord på seg for å vere novi, «nye», og kravet om originalitet sett opp mot dei tradisjonstunge førebileta i den greske litteraturen var ufråvikeleg, slo Vergil inn på ein dristig veg med det første verket sitt. Gjetarsongar høyrer til den pastorale poesien. Med sine skildringar av kulturlandskap og gjetarliv var ikkje dette ei litteraturform som sto høgt i kurs hos dei «nye» poetane i Roma. Men Vergils Gjetarsongar gjorde likevel den pastorale litteraturforma til ei nyskapande kraft i den romerske gullalderen. Gjennom dei ti utsøkte dikta i debutverket vever Vergil saman det greske og det romerske, det poetiske og det politiske, det gamle og det nye, det homoerotiske og det heteroseksuelle, det naturlege og det særs kunstferdige, til ein suksess som har halde seg gjennom meir enn to tusen år.
Omsett frå latin av Matti Garnes Wiik.
Bokmeldarane meiner:
"At vi har med sofistikert dikting å gjere og ikkje ein gjetars amatørsong, kjem klårt fram i Matti Garnes Wiiks omsetjing av desse opningsversa i Vergils Bucolica - Gjetarsongar [...] Når vi les alle dei ti dikta på strak arm, kan vi så å seie bli så «ømt nagla fast i rytmar» at vi gløymer at innhaldet slett ikkje berre er idyllisk. Det er naturlegvis ikkje gjendiktarens problem. Han har lagt seg nær originalen på innhalds- så vel som uttrykksnivå, og gjendiktinga er i realiteten ikkje like «overlyriserande» som enkelte gjendiktingar eg har lese på andre språk. [...] Å få bøker som Bucolica - Gjetarsongar i norsk omsetjing i eit oppdatert språk gir nye perspektiv også på vår eigen skriftkultur, samstundes som vi blir konfronterte med noko som er framandt og annleis. [...] Alt luktar kvalitet!"
Ole Karlsen, Dag og Tid
Omtale levert av Den norske Bokdatabasen®
E-bok:Les utdrag / Lån e-boka

Vurdering:
URL:http://www.ebokbib.no/utdrag/9788205462953-utdrag.pdf